Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Jonsahuset

Nærland Sportsfiske

Sidan 1899

Om Jonsahuset

Jonsahuset sin historie

Jonsahuset ble bygd av spritgrosserar Jonsen frå Stavanger i 1899. Huset ble brukt som sommarbustad for familien Jonsen, vakkert plassert på Nærland med utsikt ut over havet og Hå-elva.

I midten av 1960-årene kjøpte 12 gardbrukarar på Nærland huset. Det ble brukt av sportsfiskarane som leier fisket av gardane på Nærland.

I 1990 ble hele huset restaurert og en begynte å leie ut huset til allmennheiten utanom fiskesesongen. I dag står Jonsahuset som eit velbevart kulturminne og tilbyr utleige til ferie, selskap og møte – samt eksklusivt laksefiske i Hå-elva.

Jonsahuset sett utanfrå med kvit fasade og hage
Jonsahuset – Kulturvernprisen 2025

Anerkjenning

Kulturvernprisen 2025

Jonsahuset har motteke Kulturvernprisen 2025 for bevaring og vedlikehald av det historiske huset. Prisen er ei anerkjenning av det langsiktige arbeidet med å ta vare på ein viktig del av Nærland si bygningshistorie, og å gjere huset tilgjengeleg for allmennheiten.

Huset i dag

Hovudetasje

Godt utstyrt kjøkken med servise til 24 personar, komfyr, kjøleskap og oppvaskmaskin. Bad/wc, gang, spisestove og oppholdstove innreia etter gamal stil. Utgang frå stova direkte til terrassen med unik utsikt over havet og Hå-elva.

Kjeller

Koselig lokale med malte kjellarvegger og villmarkspanel. Flislagt golv. Rommet egnar seg til selskap med dekka bord, eller som møtelokale for små grupper.

Loft

5 soverom med til saman 10 sengeplassar. Romma er enkelt men godt innreia.

Ute og i hagen

Stor terrasse med flott havutsikt mot vest, bord og stolar. Grill/bålpanne tilgjengeleg. Stor hage rundt huset for lek og aktivitetar.

Beliggenheit

Jonsahuset ligg på Nærland i Hå kommune, like ved Hå-elva og med utsikt ut over Nordsjøen. Adressa er Nærland, 4365 Nærbø.

Berre 300 meter frå Hå gamle prestegard – ein av Jærens viktigaste kulturinstitusjonar. Næraste tettstad er Nærbø, med butikkar, kafear og gode transportsamband.

Vis på kart
Hå gamle prestegard, nabo til Jonsahuset

Hå gamle prestegard – 300m frå Jonsahuset

Kontaktperson

Per Tore Nærland

Utleie av Jonsahuset

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter

Logg inn